

09.05.2007
UE Alumni Sogn og Fjordane -endeleg ein realitet
UE Alumni Sogn og Fjordane ble stiftet tirsdag 8.mai. En gjeng på 5 engasjerte og entustiastiske tidligere ungdomsbedriftselever.
Dette har vi jobba for lenge, og no er det endeleg ein realitet ! UE Alumni Sogn og Fjordane er endeleg offisielt stifta. Det skjedde tirsdag 8. mai på Fylkesmannens landbrukskontor i Førde. Sogn og Fjordane er det 12. fylket som opprettar denne organisasjonen som skal ivareta tidlegare ungdombedriftselevar. Organisasjonen har som mål at medlemmane skal få nyte godt av fagleg utvikling og nettverksbygging. Dei får høve til å møte Alumni medlemmer frå andre delar av landet og det store utland. I tilegg skal medlemmane i organisasjonen drive kurs i ulike emner for eksisterande UB-elevar samt at dei skal ha ansvar for diverse arrangement i fylket. Dette skal skje i samarbeid med UE Sogn og Fjordane. Sparebanken vert også ein viktig samarbeidspart i dette arbeidet.
Det nyvalgte styret for UE Alumni Sogn og Fjordane består av:
Jakob Nøtseth (nestleiar), Heidi Skorpen (Dagleg leiar), Stian Juklestad (styreleiar), Malin Vedvik Leirvik (styremedlem) og Øyvind Heggheim (styremedlem)
Vi gratulerar desse flotte ungdommane med sine styreverv og ynskjer dei lykke til i arbeidet sitt. På sikt kjem dei opp med eiga nettside og informasjon om dette vert lagt ut etterkvart. Er du UB elev og interessert i å melde deg inn ? Ta kontakt med Heidi Skorpen på heidi.skorpen@nho.no eller på telefon : 48 15 74 66